4. okt, 2017

4 oktober

Dagane fyk så fort og nokon gongar har ikkje døgnet nok timar. Ha ha 

Det er så mykje skrivearbeid eg skulle hatt tid å gjort. Det er mange ting her på heimesida eg skulle fått oppdatert og eg har verv i undulatmiljøet der mykje arbeid ligg å ventar. 

Dette er også den tida på året eg brukar å få trøbbel i flokken. Spesielt om det har regna mykje og temperaturen er ganske høg. 

Regn og høg temperatur gir oppvekst av sopp og parasitt i utemiljøet. I allefall på våre kantar av landet. 

Reinhold er noko som eg legg ekstra vekt på no. Dette fordi eg lettare kan følge med om det er noko med magane til fuglane som trøblar. Det ser eg på avføringa deira. Det er også derfor eg har laust golvbelegg inne hos fuglane. Det viser godt om det er noko rusk. No tek eg ut golvbelegget ein gong i veka og skrubbar og spylar det. Det blir også vaska med klorin eller Virkon S. 

Dette var også grunnen til eg la om utevolieret i sommar i håp om å unngå coccidiose og evt sopp som kan blomstre opp om hausten.

Heilt forskåna ser det ikkje ut som eg er no heller, men det er ikkje i tvil om det har vore verre før om åra. Kanskje også fordi eg er så obs på coccidiose og har etterkvart lært meg kva eg skal sjå etter, slik eg kan sette inn tiltak?

Hekkerommet mitt liker eg veldig godt. Om eg tolkar fuglane rett, synes det også som dei også har trivsel der. Dei siste ungane i første runde nærmar seg mål og nokre par er i gong med runde nr 2.

Jenta på bildet er no 4 veker og ei herlig jente. Eg har djupe kasser der det er ca 15 cm opp til åpninga. Når ho var 3 veker gammal, greidde ho å kome seg ut av kassa. Eg putta henne inn igjen, og ho kom seg ut. Eg putta henne i kassa igjen, for at ho var komen ut igjen neste gong eg kom inn på hekkerommet. No er ho som nemnd 4 veker og no gidd eg ikkje å putte henne inn igjen. Ho får berre styre som ho vil og det er varmt på hekkerommet. Så ho frys heller ikkje. 

Ungar som ikkje får mat, kan søke ut av kassa. Det er ikkje tilfelle med denne frøkena. Ho har eit fantastisk vesen og foreldra mater henne. Ho er berre ei slik som skal ha med seg alt som skjer. Gnafsar på hirse og virkar veldig fornøgd. Sånn supert tamfugl-emne og slik eg ofte ser har lyst å ver uredd/tam av seg sjølv.