30. sep, 2017

30 september. Ungeslepp

Dene veka har det vore eit heilt fantastisk ver. Vanlegvis brukar eg ikkje å sleppe ungar inn i volieret før dei er 9-10 veker. Sjølv kor fint fuglar har det i eit voliere, krev det også litt av dei. Pga det fine veret, har eg gambla og slappe inn ungar som er mellom 7-8 veker. Eg følg dei ekstra godt opp med mange tilsyn pr dag og sjekkar at dei greier seg fint.

2 ungar kom over til volieret i dag. Eg håpar og trur det går like fint som det har gjort med dei andre som kom over tidligare i veka. 

Den første ungen er reist og fleire står på farta. Dei skal langt og til ulike delar av landet. Det er alltid litt spennande. Dei taklar som regel ei lang reise godt, men det er så rart med det. Eg blir litt urolig og spent. Dei skal vekk frå det dei kjenner og er trygg på. Over i reisebur og står framfor ei lang reise på mange timar og kome til ein ny heim, nytt bur, nye lukter og stemmer. Det er nok ikkje berre berre å ver ein liten ung fugl med så mange omveltningar. Eg er veldig trygg på dei nye eigarane og eg er ikkje i tvil om dei får det bra. Det er folk eg har hatt kontakt med over fleire år, og dei fleste har fugl herifrå frå før av. 

Nokre få nye par har no kome i hekk. Det blir spennande framover om det kan kome egg og ungar.