26. sep, 2017

26 september.

Det er fantastiske indian summer dagar. Det er veldig tydelig på fuglane, at dette er dagar dei likar. Om kvelden vil dei ikkje inn, men blir verande ute i volieret. 

Hadde eg ikkje hatt soveromsvindauget like ved volieret, kunne dei berre fått sitte ute om natta. Men, eg synes ikkje det er nokon idyll å bli vekt i grålysninga av ein gjeng med skvaldrande fuglar, så då plukkar eg dei heller inn om kvelden og stenger døra. Smiler stort

Nokon av ungane har allereie kome over i volieret i dag. Det er veldig tidlig! Men, eg følg med dei og ser etter at dei finn mat og drikke. 

No når det er så flott ver, er det ei super tid å venne dei til utelivet. Det er mykje vanskligare om vinteren synes eg. Overgongen frå hekkerommet og uteliv, kan bli stor. Derfor sjangsar eg litt no, samtidig som det er ganske mange ekstra tilsyn pr dag. 

Det har vore veldig stor pågang etter ungar. Ikkje alle er komen ut av kassene endå, men slik det ser ut pr i dag, er alle dei eg ikkje skal behalde sjølv, tinga vekk. 

Nokon er så vidt i gong med runde nr 2. No vil det gå knappe 2 mnd før eg evt kan ha fleire ungar. 

Eg synes det er veldig kjekt at folk har lyst å ha fuglar herifrå og gjer så godt eg kan for å finne rett fugl til rett heim.