22. sep, 2017

22 sept. Haust

Vi er no komen inn i den tida som er den verste mht fuglane. Det er fuktig og rått og tidvis regnar det. Virkelig. '

I sommar la eg om i volierte. Der mold, gras osv var, dekka eg til med duk og la sand + skjelsand opp på, i eit håp om å berge fuglane for å bli utsett for coccidiose. 

Det er eit herk og kvar haust har eg mista mange fuglar pga det. Det kjem så fort!

Eg følg med på fuglane sin almenntilstand og eg kjenner kvar ein fugl og ser fort om noko ikkje er som det skal med ein. 

Inne i boligdelen har eg golvbelegg, som ligg laust. Eg legg ikkje noko slags form for spon opp på det. Det er slik at eg kan følge med på avføringa til dei. Farge og konsistens fortel meg ein del. Og no er eg ekstra nøye med på å vaske ofte. Rett og slett for å følge med.

I går var det full vask av boligen og i og med eg var i farta likevel, desinfiserte eg også. Det gjorde eg med volieret også. Det er mykje arbeid, men det får heller ver. 

I dag tok eg inn ei hoe eg er itt usikker på. Ho har ikkje tydelige teikn på coccidiose, men ho var alikevel ikkje seg sjølv. I kveld virkar ho ( Tjorven) å ha kome seg og liknar meir seg sjølv. Får berre håpe!

Dei som er i hekkebura er i meir enn flott form. 10 ungar er komen over i ungdomsbur og det ser ut til å gå veldig bra. Fleire ungar er i kassene og nokon er så vidt starta på runde nr 2.

Slik det ser ut no, kjem eg snart til å sette i gong hovudhekkinga. Hadde eg berre hatt fleire hekkebur.... Eg vil vekk frå vanlige bur som hekkebur. Dei er plasskrevande og egentlig lite egna. Frontar til nye hekkebur er bestillt, og eg håpar det ikkje er så lenge før dei kjem. 

Eg har stadig vekk folk som har lyst å kome på besøk å sjå fuglane mine. Det synes eg er så kjekt! Berre i løpet av få dagar, har eg fått forespurnad både frå pensjonistlaget og barneskulen i området om dei kan få lov å kome på besøk. Så klart dei kan det!

Kva eg skal vise og fortelle, det aner eg ikkje. Dei er uansett veldig velkomne og så skal eg gjer så godt eg kan å svare på det dei lurer på og fortelle så godt eg kan. Dette er gøy og eg gler meg!!