20. sep, 2017

20 september

Det blei ein del grubling og det var ikkje så lett å sove når eg tenkte på ungen som fekk lite mat for nokre dagar sidan. 

Eg har hatt mødre i hekk som er så nask å huke tak i om det er noko som er gale med ein unge. Før eg blir kjend med paret (mora) og korleis ho er i hekk, har eg tenkt nei, for ei dårlig mor! Men, så har det vist seg at det er ein fugl med instinktet i orden. 

Når eg kjenner mora i hekk, er det veldig greit, om slike ting har skjedd før. Då stoler eg fullt ut på henne at ho veit best. 

Dette paret som hadde denne ungen er ny i hekk og derfor var eg ikkje heilt sikker. Når eg kom ut på morgenrunda levde ungen endå. Den var slapp. Det eg då såg var at eine foten ikkje hadde heilt korrekt beinstilling. 

No veit eg ikkje sikkert, men eg lurer på om den kanskje hadde antydning til splayed legs ( svømmer), men at det ikkje kom fram skikkelig før den blei slapp, men at mor væra det??

Kanskje er ho faktisk ei av dei mødrene som eg har slik respekt for mht instinktet? Dei plukkar ut dei svake individa og dei sterke er igjen?

Eg har også hatt og har fuglar som ikkje har dette instinktet. 

Det er også dei som kan legge egg og når det har gått nokre få dagar, har dei kasta ut egget. Samtlige gongar har egget vore tomt. Dei har fortsatt å legge egg. Tomme egg har dei kasta ut og befrukta egg ligg i fred og dei rugar på dei.

Ei hoe eg har i hekk no har kasta ut egg nr 1 og 2. Ho gjorde eit opphald på egglegginga og ruga nokre dagar. Først kasta ho ut egg nr 1. Etter eit par dagar kasta ho ut egg nr 2. No har ho lagt egg nr 3. Eg lyste egg nr 1 og 2 og det var ikkje antydning til at det var befrukta. 

Spørs no kva ho gjer vidare, men eg lurer på om ikkje det er ei av desse hoene eg likar så godt og eg gjerne vil ha i flokken.