16. sep, 2017

16 sept

Når ein har fuglar i hekk, kjem ein av og til opp i situasjonar der ein ikkje heilt veit om ein skal gripe inn eller ikkje. 

Ein av ungane som er knappe tre veker har virka å få lite mat dei siste dagane. Dei to andre i kassa får rikeslig med mat, så slik eg ser det, er foreldra veldig flinke. Med så få ungar i kassa og dei to andre ungane ikkje lir nokon nød i det heile, så har eg ikkje noko tru på at foreldra har for mange å ta seg av. 

I kor stor grad kan ein stole på at foreldra har instinktet og dei kjenner at her er det noko som er gale? 

Eit par gongar desse åra har eg gripe inn å teke inn ungar til handmating. I det eine tilfellet nappa mora ungane så hardt at eg måtte ta henne ut. Denne gongen tok ikkje far over matinga. Det er uhyre skjeldant det skjer. Dette oppdaga eg etter ei stund og fekk berga ungane i siste liten. 

I fjor haust tok eg inn ein unge på ca tre veker. Der slutta også foreldra å mate når den var knappe tre veker. Eg var usikker på om eg tok rett bestemmelse, men kom til at ok, eg prøver og ser. Det viste seg at foreldra hadde rett. Noko var gale. 

Kanskje er det for seint i morgo å bestemme seg? Eg ser ikkje noko som kan ver gale med ungen, men samtidig er det som eg likevel trur at foreldra værar eit eller anna som eg ikkje fangar opp. 

Dette er så vanskelig!