9. sep, 2017

9 september

Dei første ungane er akkurat 1 mnd gamle og eit par tre stykker av dei har hatt sin først tur ut av kassa. 

No er eg påpasselig med at der alltid er hirse tilgjengelig for dei. Hirse er ofte det første dei prøvar seg på å ete og i sta såg eg at i allefall den eine jenta greidde å knekke litt frø. 

Det er veldig stor variasjon på ungane mht teikningar og fargar og det er kjekt. Det verkar også å ver ei likelig fordeling på gutar og jenter. Om eit par veker vil eg tru dei første er blitt rimelig sjølvstendige i matvegen og kan over i eige bur og ei ny fase for dei startar.