31. aug, 2017

31 august.

Dei eldste ungane er så vidt bikka 3 veker og det er ein veldig artig alder på dei. Nokon er rolige og gjer ikkje så mykje av seg, andre lagar eit skikkelig orkester når eg åpnar kassa, andre igjen strekker hals og vil ha med seg alt som skjer. 

I og med eg har interesse for utstilling, kikkar eg også etter små teikn hos dei som kanskje kan lede i den retninga? 

I og med eg omtrent ikkje har vanlige undulatar ( australske), har eg kjøpt to nye hoer. I fjor hadde eg rett og slett ikkje plass på hekkerommet og dei blei ikkje prioritert. Eit par av dei hoene eg har frå før, er i hekk og dei første ungane er klekt. Går alt bra, held eg igjen eit par jenter frå dei, slik eg sikrar meg til neste år. Hannar har eg. 

No er det berre å krysse fingrar for at alt vil gå bra framover. :-)