27. aug, 2017

Dyreklubbdag, Ålesund

I eit fantastisk vêr, blei det ein veldig kjekk dag då vi i Nordvestlandet Tropefuglforening stilde med ein del av fuglane vi har, på Dyreklubben i Ålesund. 

Det var veldig mange folk som kom å kikka på dyra som er der, og det blei ganske fullt rundt borda og benkane som vi hadde fuglane våre på. 

Vi hadde med ara, jaco, kongeparakitt, nymfeparakitt, latterdue, kanarifugl, fisher, vaktlar og ein del undulatar. Ei moskusand var også med. Han var veldig snill, slik at mange ungar kunne få klappe han.  Vi hadde også med oss egg frå dei ulike fugletypene og fjører og ei i klubbn hadde laga flotte informasjons-skriv om nokon av fugletypane vi hadde med. 

Det såg ut som dei besøkande synes det var eit kjekt tiltak og at dei kosa seg like mykje som oss.