26. aug, 2017

26 august

I morgo er det klart for å stille nokre fuglar på Dyreklubben i Ålesund. Vi har fleire typar fugl i Tropefuglgruppa, men eg har kun undulatar. 

Det er ikkje så lett å plukke ut kven ein skal ta med, men eg kom til at eg går for ulike fargar og mutasjonar. Då har eg plukka ut nokre som ikkje er vanlig her i landet og så har eg plukka ut nokon som er ganske vanlig og prøvd å gjort variasjonar i fargar. 

I morgo tidlig får eg berre hanke dei inn å sette to og to i utstillingsbur. 

Eg har også skrive litt om kva enkelt fugl, som eg kan lime på kassa.  Kva heiter fuglen, kva mutasjon og farge har den og om den er vanlig eller mindre vanlig her i landet. 

Dei tre siste dagane har eg hatt ei stortørning med reingjering/desinfisering. Eg har forsåvidt tjuvstarta litt på hekkesesongn, men ikkje kome skikkelig i gong. 

Veret har vore så fint. I staden for å *berre*vaske, kom eg til at eg skal legge arbeid i det å ta meg den tida det tek med gjer det skikkelig. Eg har aldri desinfisert utevolieret før, men så kom eg til at ok, kvifor ikkje berre likegodt gjer det når eg er i gong? 

Då var det å søke råd igjen, kor i all verden skal eg desinfisere eit utevoliere?? Gode råd kom ganske så tvert og eg sette i gong. Fuglane slapp ut ein tur i går kveld og dei har vore ute i dag, og dei lever i allefall. Då har eg vel gjort det rett? Smiler stort