22. aug, 2017

22 august

Det er kome nokre ungar i kassene og vekene framover blir veldig spennande. Det virkar veldig rart, men nokon år virkar det å ver ala uår i hekkinga, med mange tomme egg, dårlig klekking osv osv. Veldig mange opplever dette og omtrent dei samme åra, så kanskje finnes det ein samanheng i naturen som vi ikkje veit og forstår?

Sjølv om eg har berre ein liten tjuvstart på hekkinga og slettes ikkje veit kor sesongen vil bli, er det omtrent ingen tomme egg og veldig få egg som er stoppa opp. Kanskje kan eg få lov å ver forsiktig opimist og at ungane kjem seg velberga på pinnen om nokre veker?

Det nye hekkerommet fungerar i allefall kjempefint. Det er romslig og lett å holde reint. 

Eg brukar hekkekasser der eg får skifte innsatsen i kassa, og det er veldig snertent, og skulle ei kasse ver litt fuktig, er det berre nokre sekund å ta den gamle ut, sette den nye inn og flytte over ungane. 

Dt er også tydelig at sommaren no er på hell og folk har kome frå ferie og synes det er ei fin tid å anskaffe seg fuglar. Det er veldig mange som sender melding å ønskar seg ein unge. 

Foreløpig lovar eg ikkje vekk nokon, men avventar til ungane kjm seg på pinnen og kva eg treng vidare sjølv. 

Det er også svært mange som trur eg held til på Austlandet. Det gjer eg ikkje. Eg held til på Nordvestlandet, ikkje langt frå Ålesund. Kul

Førstkomande søndag er det åpen dag på Dyreklubben i Ålesund. Då skal fleire av oss i Nordvestlandet Tropefuglklubb ha md oss ulike typar fugl å vise fram. Kanskje finn vi på noko meir som kan ver kjekt for både ungar og vaksne? Planar har vi iallefall.Liker

Bor du i området, ta turen til Dyreklubben!!