27. jul, 2017

Nytt hekkerom

Det nye hekkerommet tek form og det er ikkje mange dagane til det er ferdig. Det er ein god del større enn rommet eg hadde før og som no er omgjort til allbruksrom/karantenerom. 

Slik eg kan greie å sjå hekkerommet no størrelsemessig, har eg god plass til hekkebur/reolar og eg kan bevege meg uten å skumpe borti hekkekasser osv. 

Eg trur også at eg skal kunne få god plass til å sette inn eit stort GD bur, som eg kan bruke som ungdomsbur, før dei eg skal behalde kjemover i boligdelen. 

Om 3 dagar går fristen ut for hovudbestillinga av ringar hos NUK. Ved hovudbestillinga, blir vår ID-kode gravert i ringane. Ein kan bestille ringar utanom hovudbestillinga, men då får vi ikkje ID-koden gravert inn. Dei blir då seld med løpenummer. 

Fleire har etterkvart sett verdien i å ringmerke ungar. I andre miljø, som bl.a hund, vil ein ikkje sett på som seriøs oppdrettar dersom ein ikkje chippar kvalpane. 

Slik er det ikkje hos undulatar, -endå. 

Det er å håpe at endå fleire kan melde seg inn i NUK å sørge for å merke ungar som blir klekt. 

Det kostar ikkje meir enn 350 pr år å teikne medlemskap. Det er omtrent prisen på ein unge det!!

Hiv deg rundt å meld deg inn og få sendt inn ringbestillinga. No hastar det om du skal rekke fristen!!

 http://www.norsk-undulatklubb.no/index.php/contact/bli-medl

http://www.norsk-undulatklubb.no/index.php/contact/ringbestilling