13. jul, 2017

13 juli

I dag var gamle Mira død. Ho var utstillingsfugl og nådde ein svært respektabel alder. Av alle ting slo ho seg saman med ein skikkelig jypling i fjor vår og i fjor haust fekk dei to ungar. Dattra deira har eg her. Det er så rart med det, når det er fuglar som har vore her i mange år kikkar eg etter dei automatisk, sjølv om eg veit at dei er døde. 

Eg har også ei anna eldre erverdig dame som eg ser har fått dei *gamle-bevegelsane* Ho sitt  søv mykje og bevegar seg annaleis enn det ungfuglar gjer.  Ho har nok ikkje så lenge igjen ho heller. Slik er det berre.

Vegas, som nærmar seg 8 år, er fortsatt sprek. Dvs, no seg eg at han er litt stiv i føttene når han går, men han flyg veldig bra endå! 

Der er nokre ganske så gamle fuglar i volieret no og eg må nok ta høgde for at dei ikkje blir her så mykje lengre. Slik er livets gang. Når dei oppnår ein såpass høg alder som dei gjer, så er har/er det i allefall sterke fuglar som også har det greit.