12. jul, 2017

12 juli

I går blei eg ferdig med forandringane som skulle gjerast i utevolieret. Molda er no dekka til med duk, støypesand og skjelsand. No får eg håpe det kan gjer sitt til at eg ikkje mister fuglar pga bl.a sopp som kan overleve i mold. Den som vi veit det er mykje av her i området, då spesielt om hausten når det er mykje regn, er coccidiose.

Det gamle hekkerommet er blitt til allbruksrom, der det no er nye fuglar i karantene. Eg veit at fuglane er friske og er ikkje bekymra for det, men pga det ikkje er så lenge til at hekkinga startar opp igjen, er eg veldig forsiktig med å blande inn fleire nye i flokken. For dei vaksne fuglane sin del er det ikkje noko problem, men skulle det ver noko som ruskar og bakterieflora som skal gå seg til over nokre mnd, vil det går utover nyklekte ungar. Dei har ikkje det immunforsvaret som vaksne har.

Det nye hekkerommet er straks ferdig og kan forsåvidt takast i bruk om få dagar.

før det blir sett nokre par i hekk, vil eg ha litt ferie og då kan eg ikkje overlate arbeidet med hekkebur, fuglar i karantene + fuglar i boligen til nokon andre. Dei skal ha mat kvar dag og reint vatn og sjåast til eit par tre gongar for dag,  så alt i alt er det ala som det å gå i fjøsen. 

Eg har greidd å plukka ut 7-8 fuglar som blir med nordover til Trøndelag neste veke, dersom det blir reist.