4. jul, 2017

4 juli

For ein nydelig dag! Dattra mi er gebursdag i dag og favorittmiddagen og kake har vore på bordet. 

Så kom der ein telefon i kveld frå ei flott dame i Trøndelag, som eg er så heldig å ha blitt kjend med. Ho har fuglar herifrå frå nokre år tilbake. No har familien vore på flyttefot. Voliere er på plass og der er plass til fleire, har eg nokon som kan bli trønderar?

Uff, som eg sa til henne,ja,fornuften sei ja, klart eg har, eg har ca 100 fuglar, men kor i all verden skal eg likevel greie å plukke ut nokon til deg? Dette er virkelig pyton!!

Eg har fugl. Meir enn eg treng. Og så kjenner eg også at kvar og ein er så verdifulle for meg. Dei har namn, eg veit kva dei likar og ikkje likar. Eg kjenner dei og ser så fort om det er noko som ikkje er så greit akkurat her og no.Det er så veldig veldig vanskelig å plukke ut!

Men, slik er det også hos andre oppdretterar eg kjenner og som hjelper meg. Dei har like store problem som meg å greie å sortere. 

No må eg virkelig i grublemodus. Har eg nokon som kan flytte til Trøndelag om få veker og kven??