24. jun, 2017

24 juni

No er det ei fantastisk tid på året å plukke grasstrå til fuglane. Eg plukkar all slags grastrå med frøaks på og spylar dei godt med hageslagen og heng det opp til fuglane. 

Dette likar dei veldig godt! Dei badar i stråa, plukkar frø, gneg på sjølve strået og dei har noko å aktivisere seg med lenge. 

Ikkje plukk gras-stråa like ved ein trafikert veg eller på markar som blir gjødsla. Eg gjer i allefall ikkje det, men plukkar i utmarka.

I Austalia der undulaten opprinneleg er frå, er grasstrå/frø ein stor del av hovud-kostholdet. Det er nok langt andre typar strå som veks i Australia enn det vi har her vil eg tru, men dei likar i allefall veldig godt det dei får!