22. jun, 2017

22 juni.

Det har vore fantastisk kjekke, slitsomme og lærerike dagar i Sarpsborg. Det er så kjekt å treffe igjen dei ein er blitt kjend medfør og treffe nye. 

Det at eg denne gongen reiste i lag med fleire herifrå Nordvestlandet, gjorde det endå kjekkare. Søvn var liksom ikkje det vi prioriterte. Til det var det for mykje å oppleve.

No fekk dei oppleve det eg så mange gongar har snakka om og møte folka i NUK. 

Vi fekk kome på besøk i 3 ulike oppdrett i området og blei godt motteken og jammen var det mange fuglar eg meir enn gjerne ville hatt med meg heim. 

Ok då, nokre blei visst med heim, men eg kunne tenkt meg å plukka endå fleire. Smiler stort 

Med mine fuglar gjekk det akkurat som eg tenkte på utstillinga.. Dit høna sparkar. Uff, det var nesten flaut! Ikkje fordi eg har så dårlige fuglar. Det har eg ikkje, men fellinga/mytinga "sparka bein" under dei. Jaja, det kjem nye muligheiter seinare. 

Eg har ikkje fått teke skikkelige bilder av dei nye. Kun nokre få. Det får kome etterkvart.