12. jun, 2017

Avreise UFS j

Bilen er fullpakka og fuglane er komen over i eit stort bur slik de skal ha det greit på turen. No gidd eg ikkje å deppe over at dei ser ut som takras. Dei er som dei er og slettes ikkje slik dei skal ver til ei utstilling. Og, det er absolutt ingenting eg kan gjer med det. 

No er det slik at eg ikkje gidd å ha fokus på utstillinga, men heller tenker, ok, nokon av fuglane og eg skal på ferie. Det er kjekt ja! Ha ha Javel, det er forbaska kjedeleg at dei ikkje er i flott sommardrakt og viser seg frå si beste side. Eg har jobba for dette i heile vinter, men som eg sa til ein anna oppdrttar i sta, eg synes faktisk eg har nokon flotte fuglar og eg er kjempefornøgd med dei. Det klaffa berre ikkje med kondisjonen denne gongen her, men det kjem fleire anledningar. Vinker