9. jun, 2017

9 juni

Om 3 dagar må eg ha klart for meg kven eg skal ta med meg på utstillinga og kven som blir heime. Pr i dag må eg sei eg rett og slett ikkje veit. 

Fuglane er blitt jobba med etter alle kunstens reglar, men eg kan ikkje få halane til å gro raskare samme kva eg vil. Og, eg har ikkje så veldig mange fuglane å velge i, så akkurat no ser eg litt svart på det. 

Det er ganske så fortærandes fordi eg synes eg har fått fram nokre gode fuglar i sesongen. Eg såg for nokre veker sidan dei gjekk inn i ganske tøff felling ein del av dei, men det er lov å håpe at dei skulle bli ferdig med den. Eg har fortsatt tru på at fuglar som lever ute stort sett året rundt, følg årstidene på fellingane og spesielt denne om våren/tidlig sommar, er ganske tøff, då dei skiftar til "sommerdrakta". 

Det er ikkje alle som skiftar hale kvar gong. Nokon gjer det ved første felling, nokon gjer det seinare. 

No er ikkje dommaren like streng med ungfuglane som hos dei vaksne, men det er også andre krav der enn det er i B-klassa. Jaja, eg får rett og slett ta det som ein tur, møte igjen dei andre som stiller og treffe dei nye og vi skal også besøke 3 oppdretterar i Austfold. Det blir virkelig kjekt!

Eg har ikkje planar om å ha med meg så mange nye heim, men nokre få blir det, for å få inn eigenskapar eg er ute etter som eg har for lite av.

I fjor hjelpte eg ein oppdrettar med ein mutasjon han var på jakt etter, som eg hadde. Det har vore veldig stor suksess for oppdrettaren og han har fått fram mange av den spesielle mutasjonen. Eg er så glad på han sine vegne!! 

Eg får berre gruble vidare i 3 dagar, og på tirsdag morgen startar turen. Liker