2. jun, 2017

2 juni.

Kvart år, seint om våren brukar eg å ta grundig nedvask og desinfeksjon i fuglehuset. Før om åra har det teke meg tre dagar å bli ferdig. Etter at det blei bygd om ganske mykje i fjor og bl.a lagt på glatte plater på veggane, kasta ut ein nettingvegg og lagt på leksan mellom boligdel og hekkedel, var det no noko heilt anna.

Hekkerommet fekk eg teke for nokre dagar sidan. Med hjelp av eine sønnen min, tok det ikkje så alt for mange timane å bli ferdig i dag. Eg fekk også henta nye greiner for å ha inne i boligen og det blei nye greiner i voileret. 

Det er nesten som å vaske ned til jul. Ei kvie før ein startar og innmari godt når det er gjort. Liker

På måndag kjem det besøk frå nokon som har starta med utstillingsfuglar. Så vidt meg bekjend er ho den første i Sogn og Fjordane som driv med utstillingsundulat og vil i retning oppdrett/utstilling. Det gler eg meg til! Eg hadde ikkje tenkt å la fleire fuglar reise i år, men eg ser eg i allefall kan hjelpe henne med litt fugl. 

Vi køyrer i lag ned til utstillinga i Sarpsborg, så litt planlegging mht turen blir det nok også. 

Noko anna som også er innmari kjekt, er at endå ei som bor her på Sunnmøre, har bestilt seg utstillingsfuglar! Juhuu!! Ho har bestilt fuglar hos veldig flinke oppdretterar i Austfold som eg kjenner. Desverre har ho ikkje sjangs om å bli med på utstillinga. Men, vi er fleire herifrå som reiser på utstillinga og så klart vi stiller opp å hjelper til å få fuglane heim til henne!

Alle vi som reiser er medlemmar i Norsk Undulatklubb. Men, vi er også medlemmar i den lokale Tropefuglgruppa vi har her, Nordvestlandet tropefuglforening. ( du finn oss på fb!!)

Vi er blitt godt kjende med kvarandre og vi stiller opp å hjelper med det vi kan og når vi kan. Det er så flott!! Og no reiser fleire av oss på tur til Sarpsborg. Knallgøy!!LikerLikerLiker