31. mai, 2017

31 mai. Nedtelling

Om eit par veker er det avreise til utstillinga i Sarpsborg. Sjølve treninga går veldig fint og alle er veldig fortruleg med kassene. Dei blir ofte dusja, noko dei ikkje har noko i mot.

Verre er det at nesten alle fortsatt er veldig "punker" på hovudet. Halefjør veks seint, og 4 av dei eg trenar, har ikkje fått dei skikkelig ut endå. Eg kan sjå dei er på veg ut, men.....

Eg veit uansett at det er mykje god fugl rundtomkring, og det skal mykje til for å kunne greie å hevde seg i A-klassa. Eg stiller i den klassa for første gong, så forventningane er ikkje store i det heile. Likevel hadde det vore ok å kunne fått teke med meg dei eg anser som dei beste fuglane. 3 av dei er så klart dei som har skifta halefjør. Festelig!Trist

Kvar vår brukar eg å ta eit skikkelig grundig nedvask av hekkerom og boligdel, der det også blir desinfisert. Hekkerommet blei ferdig i går. Så snart eg får tid, blir det å få kasta ut alt i boligdelen, gjer grundig reint og desinfisere den delen også. Det er mykje arbeid, men så godt når det er gjort!

Ein del av fuglane har gått inn i hekkemodus og det er eit yrandes liv i volieret. Ei hoe måtte eg dra ut av veggen, der ho hadde finne ei sprekke og greidd å gnaga seg ei hole. Det skjer fort! Ellers står mange hoer med stjerten i veret og hannane står i kø! på jamna finn eg egg ute i volieret. 

Egentlig trur eg at tida framover er ei naturleg årstid for dei å gå inn i hekk på, og kanskje den beste. Alle forholda ute ligg til rette for det. 

Men, hekkande par krev mykje stell og tilsyn og det nyttar ikkje å reise på ferie om ein har fuglar i hekk. Då må ein ha nokon som er "fjøsavløysar". 

Eg får gjer unna ein del ting som står på tapetet først, så får eg sjå dei an litt å vurdere kva eg skal gjer.