22. mai, 2017

22 mai.

Det er ei fantastisk årstid og fuglane er ute frå tidleg morgon til seine kvelden. Ved 21 tida blir døra inn til boligen åpna, men dei er ikkje så ivrige etter å flyge inn no når det er så lyst ute. 

Om våren kan vi høyre at fuglane i skog og mark har vårlydane når dei kvitrar. Ala det samme er det no i volieret. Dei fleste er i myting, men det flørtast over ein lav sko og eg veit ikkje anna ord for det enn dei er våryr. Smiler stort

Det er så kjekt å ha tid til å ver inne i volieret i lag med dei. Under hekkesesongen så krev det så mykje tid og arbeid, så det blir ikkje særlig tid til dei som ikkje er i hekk. Men no går det an å ta med seg kaffikoppen og fotoapparatet og berre tusle i lag med dei. Det viser også på fuglane at eg har betre tid. Plutselig så landar det ein på ryggen på meg, nokon er bortpå å nuskar i håret mitt, nokon kjem heilt inn i kameralinsa osv osv osv. Veldig koselig! Av og til kjem det folk som har lyst å sjå på fuglane. det er veldig kjekt. Men det er rart å sjå kor stor forskjell fuglane gjer på folk. Kjem folk på besøk, virkar fuglane langt meir sky og held avstand. 

No er det trening i utstillingskassene 5 dagar i veka på dei eg har plukka ut som koandidatar til å bli med til Sarpsborg. Eg har mine sterke tvilar om samtlige av dei blir ferdig med fellinga tidsnok. Det er så klart nokon eg håpar meir på enn andre, då eg anser dei som kvalitetsmessig betre fuglar. Men, der har eg bomma før, så eg stolar ikkje 100% på meg sjølv endå. Kul

I dag blei det teken ein del bilder. Det er på tide no å oppdatere sida med fuglane mine. Ikkje alle er komen med på bilde, andre igjen er det kun bilder av når dei var små. Nokon har flytta, og nokre få har eg mista. Så får eg håpe eg ikkje går heilt i surr på kven eg manglar bilde av og ikkje osv. Smiler stort