12. mai, 2017

12 mai, 5 veker til utstilling

Veit ikkje om eg skal le eller "grine". Har drive å trena nokre fuglar til utstillinga. I går stod ei halefjør på tverra til to av dei. Den eine er ein av dei eg har hatt mest trua på utstillingsmessig. Kunne dei ikkje venta med å skifte den nokre veker til? Smiler stort Det tek i allefall 8 veker før halefjørene veks ut igjen, så eg er litt i manko på veker......

Dette er noko alle opplever og det må ein berre ta med seg. Om dei ikkje finn på å skifte den andre lange halefjøra, så blir dei med likevel. Det kjekkaste er når dei er i topp kondisjon. Alle fjører på plass, og ikkje antydning til å ver i felling/myting. Det er egentlig det dei skal ver, men det er jammen ikkje like lett å time inn!