4. mai, 2017

4 mai.

Portforbodet frå Matilsynet er fortsatt gjeldande og volieretak må ver tildekka. 

Dette fører til at fuglane ikkje får sitte i regnet slik dei gjerne gjer. Den 1 juni blir det teken stilling til om at portforbodet fortsatt skal gjelde eller at det blir oppheva. 

Etter ein telefon til MT lokalt på tirsdag, er det i allefall ikkje registrert dødsfall av fuglar som kan knytast til fugleinfluensa. 

Eg fekk også råd om kva eg kunne gjer med tanke på skifting av greiner i bolig og voliere, berre for å ver litt føre var. 

Greinene er no blitt skifta og fuglane blei elleville! Det er ikkje noko rart! Dei greinene dei hadde i volieret har vore der sidan i fjor haust og var knusktørre. 

Vanligvis vil fuglane inn om seinettermiddagen, men dagen dei fekk dei nye greinene, var det veldig få som ville inn, sjølv eit godt stykke ut på kvelden. 

Kanskje eg no også kan få plukka inn blåbærlyng å gi dei? Det brukar å ver kjempepopulært. 

Det blir spennande og eg håpar at det blir oppheva, slik eg kan få ta vekkk presenningen, fuglane får direkte sol på seg gjennom dagen og kunne få bade i regnet. 

Inntil vidare har eg teke inn hageslangen til dei, festa den i nettingen, og det står på svak dusjing. Under har eg sett eit stort fat som samlar opp litt av vatnet, og dei som vil kan dusje/bade. 

Enkel løysing, men veldig populært! 

Trur snart alle fuglane er i felling/myting no. Det ligg fjører over alt virkar det som. Nokon har mange "piggar" på hovudet. Andre igjen manglar ei halefjør eller to. Nokon skiftar slagfjører. At dei har den tørninga no er berre bra med tanke på utstillinga. Då har dei ein sjangs om å kome i mål og ver i kondisjon, som det heiter,  på utstillinga

Om det er tilfelle veit eg ikkje, men eg har lurt på om fuglar som er så mykje ute, har ei tøffare felling enn dei som er inne? Samtidig så virkar dei å ha ei veldig tett fjørdrakt når dei ikkje er i felling? Sjølv om eg av og til føler det ligg fjører over alt heile tida, så ser det også ut som det er ut på hausten og no om våren der dei skiftar mest fjører. Kanskje er det naturleg at dei følg årstidene i og med dei har årstidene så direkte på kroppen?