27. apr, 2017

27 april

Endelig virkar det som alle vintrane er i ferd med å gi seg og det har vore ein nydelig dag. 

I senettermiddag blei alle fuglane jaga ut. Både fordi veret var så fint og det er ikkje alle som kjem på dei skal ta turen ut å lufte seg, men også fordi eg ville støvsuge hos dei. No er det så mange fuglar som er i felling og i løpet av ein augneblink, ser det ikkje ut som det er blitt gjort reint på lange tider. 

Eg har sett at det er nokon som har drive å lagt egg i boligdelen. Det har vore gule eggeplommar på golvet. I dag fann eg egg på ein ny plass. Kul

Eg har hengane dei nettingramme, der eg heng opp drikkekopp, sepia, kalkstein osv og lagt over ei treplate, for å beskytte litt det som heng på nettingen. 

Jaja, egget får berre ligge og og eg veit kven som har lagt dette egget ialleall. Det vil nok ikkje gå så mange dagar før egget er vekke vil eg tru. Det er skjeldan det blir noko ut av egg som blir lagt på golv etc, sjølv om dei blir ruga på.