20. apr, 2017

20 april

Når ein driv med oppdrett, må ein av og til få nye fuglar inn i flokken. Etterkvart som eg blir litt betre å analysere fugl, ser eg også betre kva eg treng å få inn som kan passe til mine fuglar. 

I og med det er fødd ein del jenter i løpet av sesongen, har eg vore på jakt etter nokre få hannar. 

I går kom det heim 2 stk. Larsen og Vamos. Dei kom frå Austlandet før påske og fekk "haik" til Stryn og så henta eg dei der. 

I og med hekkinga er over, fekk dei kome rett inn i boligdelen. No er det å håpe dei vil trivast og finne roa her. Bakterieflora etc får også gå seg til, til ut på hausten når hekkinga skal til igjen.

Sogn og Fjordane har også fått sin første oppdrettar av utstillingfugl, som eg kjenner til iallefall. Knallkjekt!!

Dvs, foreløpig er der ikkje komen ungar, men det er flytta inn ein liten "bønsj" med utstillingsfuglar og forhåpentligvis kan det bli nokre kull over sommaren?

Nordvestlandet tropefuglforening veks også i antal medlemmar og om 1,5 veke har gruppa sosial samling. Det brukar å ver veldig kjekt. Om du bor i området og føler ei naturleg tilknytning til Nordvestlandet, har lyst å ver i ein klubb, er det berre å ta kontakt. Liker