16. apr, 2017

1 påskedag, 16 april

Kassene er komen ned frå loftet og treninga har starta. Alle dei eg har plukka ut, ser ut til å ta verda med knusandes ro når eg sett dei i kassa. Nokon sett seg på golvet og et hirse, medan andre sett seg opp på ein pinne med ein gong og ser ut som dette kan vi og har gjort mange, mange gongar. Liker

Det ligg an til at eg kjem til å jobbe med 13-15 stk. Ikkje alle kjem til å bli med på utstillinga. Noon av dei er i myting/felling no, og dei kan nok sikkert bli klar til i juni. Men, der er ein som akkurat har starta på si første felling, og då skal det holde hardt å kome nokonlunde i mål til midten av juni. 

3 av dei eg har plukka ut, har teikningsfeil. Ein ab hanna manglar ein spot, men ellers er han ein veldig flott fugl. Så er der ein meir enn lekker jente, også ab. Ho har mørke halefjør, men ho er rett og slett for fin til å sitte heime, så sant ho ikkje kjem i noko slags felling i juni. Ei anna er lysslagfjøra, men den eine slagfjøra er mørk, som også er ein feil. Ho er kanskje eit stykke ned på lista mi, men eg vil likevel trene med henne og sjå det litt an. 

Sola har heldigvis vore framme dei siste dagane. Presenningen over volieret fungerar godt, -heldigvis. Restriksjonane mht. fugleinfluensa er no letta i nabolanda våre, så det er å håpe at det ikkje blir så lenge før det blir varsla "faren over" her også. 

Eg saknar det å gi dei ferske greiner no på denne tida når det er så mykje næring i bark og knoppar. Og, ikkje minst den gleda dei har i det å få ferske greiner og kunne få gnage på dei. Ikkje får dei løvetann eller blåbærlyng heller no. 

Dei har fått ut eit stort fat med vatn som dei har i volieret. Mange har benytta seg av det for eit bad. Om det enn er kaldt ute, lesser det ikkje fuglane i det heile når det gjeld badinga. Ikkje mykje pingler der å spore. Smiler stort