12. apr, 2017

Påske

Det er så rart, men eg går å kikkar på ungane av sesongen og har gjort meg noke tankar. For eit par dagar sidan henta eg fram eit par utstillingskasser, putta selleri i dei og så hanka eg inn 4 fuglar. Den eine fuglen eg hanka inn er ein eg har vore slik i tvil om, egentlig sidan han var i hekkekassa. Eg har liksom ikkje greidd å bestemme meg for om han er ein eg kan ta med på utstilling eller ikkje. Så såg eg han i kassa og eg blei ikkje i tvil. Jugon blir med! Snakk om å sitte på pinnen å vise seg fram!

Falcon er vel kanskje den eg har ansett som den beste ungen av sesongen. Han kom også i kassa i lag med Jugon. Eg veit ikkje kvifor, men eg synes Jugon faktisk var mykje betre der dei stod i lag. 

No har eg så vidt starta med den systematiske treninga. Fleire kasser skal hentast ned frå loftet. Eg veit at nokon av fuglane sitt som "prestar" frå første augneblink, medan andre treng litt tid på seg. Det er berre så snålt å sjå kor ein litt anonym fugl kan sjå ut som den "modellen" og den flotte fuglen kan bli heller ganske anonym når den kjem i kassa.