7. apr, 2017

Tomt hekkerom.

Siste hekkeburet er komen ut av hekkerommet og dei to jentene i kullet er komen inn på stua. Faren som tok seg av ungane den siste tida, virka svært fornøgd med å kome seg inn i boligdelen igjen og mor virka også svært fornøgd over å få ver i lag med han igjen. 

Jentene greier seg veldig fint i stua. Kvikke og dei er flinke å ete sjølv. Om ei veke eller to kjem eg til å ha dei ut i boligen også. Kanskje er det då så mildt at eg slepp å gå å passe på om dei forvillar seg ut for tidlig,ikkje finn vegen inn igjen og blir for lenge ute? Eg synes liksom dei treng nokre dagar for å venne seg frå stuetemperatur til utetemperatur. 

Hekkerommet skal no tømmast og så får eg gjer det reint. Eg avventar med å desinfisere til lengre ut på våren slik eg får teke det samtidig som boligdelen.

No skal eg bruke hekkerommet som treningsrom for dei eg har notert opp som aktuelle til utstillinga i juni. Kul

P.s. Tips og råd ang trening til utstilling er no på plass. Den ligg under hovudtråden "Utstillingsguide".  Kul