3. apr, 2017

3 april.

Etter øsandes pøsandes regn i helga, har det vore ein herlig dag med 13 grader og opphald. 

I går ettermiddag kom det opp presenning over heile utevolieret og fuglane fekk kome ut. DET var det tydelig dei sette pris på. Det var ikkje mange som ville inn igjen litt ut på kvelden.

I og med presenningen er mørk, blei det ganske møkt inne i volieret synes eg, så det er berre å kjøpe ein ny, som er heilt lys. Får satse på å få gjort det i løpet av denne veka. Berre det å få knipsa nokre bilder i dag, bydde på utfordringar ang lyset. 

Ellers er vi som har fuglar i voliere pliktig å melde det inn til Matilsynet og registre oppdrettet. Det også er gjort, slik at alt er på stell. Liker