31. mar, 2017

Portforbod 31 mars.

Midt i vaskinga av uteboligen, der eg også lempa ut greinene for å skifte dei, kom beskjeden om at portforbodet no er utvida til også å gjelde S&F, M&R, Sør og Nord-Trøndelag. 

Greinene blei ikkje skifta, men dei gamle blei vaska. Når alt var komen på plass, var det å jage inn alle fuglane som var ute. Noko dei slettes ikkje hadde lyst til. 

Når sola skin og det er mildt ute, er det mykje kjekkare å kunne ver ute å flyge. 

Eg har ikkje lyst å gamble med fuglane mine så no må dei ver inne, til eg får gjort dei tiltaka som er sett av MT. 

På den gamle delen av utvolieret er det tett tak, så den delen er grei. Men, så er det korleis eg skal løyse det på den nye delen. Det blir ganske mange m2 å dekke skikkelig til. Alternativet er at eg må få laga ein nettingvegg mellom den gamle og nye delen og stenge av. No får eg berre gruble å finne den løysinga som fungerar best.