30. mar, 2017

30 mars.

Ein del av dei som har tropefuglar, har kanskje fått med seg at Matilsynet har gitt portforbod for fuglar i nokre delar av landet pga fugleinfluensa. 

I områda som er ilagt retriksjonar, betyr det at dei som har utevoliere/ har fuglane ute, må ha tett tak og ikkje ha mat å drikke nede på bakken.

Mange hentar inn greiner, blåbærlyng osv osv til fuglane sine. I og med fugleinfluensa er eit virus, er det ikkje nok å skylle greiene. I følge Matilsynet, er ikkje det nok til å drepe viruset. For å unngå smitte, er det ikkje verdt å gamble på å hente inn noko til det blir varsla om at det er trygt.  

Her på Nordvestlandet har vi ikkje portforbud og inntil vidare kan vi ha ute fuglane våre som vanleg. 

 

Du finn meir informasjon via linken. 

https://www.mattilsynet.no/dyr_og_dyrehold/dyrehelse/dyresykdommer/fugleinfluensa/fugleinfluensa_portforbud_for_fjorfe.24935