27. mar, 2017

Sortering 27 mars

Mange lar våren ver ei årstid der ein gjer ei lita sortering på kva fuglar ein skal sitte igjen med og kven kan flytte til andre. 

Helst vil eg behalde alle saman, men samtidig kan eg ikkje la flokken berre vekse og vekse. Det å ha 70-80 fuglar er nok synes eg. Eg har også nokre mutasjonar som kanskje ikkje er dei det finnes mest av, og då prøvar eg å hjelpe andre oppdretterar med det eg kan.

I helga reiste det 4 stk til ein anna oppdrettar som eg kjenner godt. Så reiser det vel litt fleire utover våren.