21. mar, 2017

21 mars.

Det er så kjekt å kunne ver i boligedelen med f.eks selleri i handa og så sitt det ein heil haug med fuglar på handa og vil ha den største og finaste selleribiten. Spesielt Mozart og Blue-Ve heng på nettingdøra mellom boligdel og hekkerom, nesten kvar gong eg kjem inn i hekkerommet. 

Om det er slik veit eg ikkje, men det virkar som dei håpar eg har noko i handa som dei kan få smake på. Har eg ingenting, flyg dei vekk etter ei lita stund. Kanskje i skuffelse? Smiler stort

Dei er i allefall dei to første som kjem flygande og plasserar seg godt opp i selleribunten eg har i handa, dei gongane eg har med det til dei. 

Fotoapparatet er no i flittig bruk ute i volieret. Fleire fuglar er i si første felling og det er så spennande å sjå om eg kan sjå konturar av det eg trudde ved 4-6 vekers alder! 

Samme kor eg vrir og vender det, så blir det til at eg ubevisst plukkar meg ut nokon favorittar. Det handlar ikkje om god/dårlig kvalitet, farge eller mutasjon. Det er berre nokon som snik seg inn hos meg med heile sitt vesen og dei er så lydhøyr når eg står å pratar med dei. 

Om eg har nokon favoritt av jentene som er fødd i denne sesongen, så er det ei NT grå jente ( Gina) , som ser ut å ha violfaktor. 

Ho er ikkje utstillingsgod. Ho har små spottar og manglar ein hovudspot. Maska er også for grunn, men den nyyyydelige jenta!  Ho er aktiv og kvikk, men har likevel det rolige fine vesenet som eg likar så godt. Det er ikkje noko problem å gå tett inn til henne. Då sitt ho berre å kikkar på meg og skakkar på hovudet når eg pratar med henne. Tek eg fram fotoapparatet like framfor henne, flyg ho ikkje sin veg, men ho sitt heilt rolig og berre ser på kva eg gjer. Ho er også ei "sellerijente" som er rask å kome på handa for ein bit. Kul

Sjølv om det med utstilling er noko eg synes er gøy og det er veldig kjekt å få fram ungar som har gode kvalitetar, så er det like viktig og vel så det, det med gemytt og det å kunne sjå heilheita i fuglen. Det å trivast med dei ein har, uansett kor dei ser ut, er det aller aller viktigaste.