18. mar, 2017

Laurdag 18 mars.

Dagane fyk så fort og det er jammen ikkje lenge før vi er komen til april. Eg har ikkje fått somla meg til å hente ned ei utstillingskasse frå loftet endå, men no MÅ eg få hente den fram å sette den inn i boligdelen til fuglane. 

Det er den første opptakta til trening fram til utstillinga i Sarpsborg i juni. Eg skal ikkje gjer noko anna enn å sette den inn på golvet til dei, la luka ver åpen og så fyller eg litt hirse, selleri eller anna som dei er veldig glade i, i den. Dette gjer eg slik dei skal bli kjend med kassa på eigne premiss. Med å putte noko dei likar inne i den og dei må gå inn for å ete det der, er målet å få dei til å forbinde kassa med noko positivt. ( "snop"). 

No går eg stadig å kikka på ungane som er fødd denne sesongen. Eg synes faktisk det er fødd fleire gode ungar denne sesongen eg! Eg kjenner i allefall at eg er veldig fornøgd. Det som er veldig positivt for meg som oppdrettar, er at det er blitt fødd ein del jenter. 

Om dei som eg i allefall meinar er dei ungane med best kvalitet, held mål på utstillinga, det veit eg ikkje. Eg synes det er mange oppdretterar som har fått fram mykje god fugl. Når mine fuglar no skal stille i klasse med kanskje rundt 150 andre fuglar, då skal det nok svært mykje til for å hevde seg. Trur eg skal holde meg ganske så realistisk å bli glad om det kanskje kan bli eit lite poeng eller to. 

No veit eg at det er lurt å bestille seg fuglar ganske tidleg på året dersom ein er på jakt etter fleire. Det har eg allereie gjort. 

Hos ein oppdrettar skal eg i allefall kjøpe to gode par. Kanskje det blir ein fugl eller to til derifrå? Det reknar eg egentlig med det ligg an til. Eller håpar? Smiler stort

Så har eg også bestilt meg 2-4 hannar, der eg også er på jakt etter god kvalitet. Heldigvis er der ein som har overskot av hannar og som har tilbydd meg at eg kan få kjøpe derifrå. Det vil eg svært gjerne. Eg veit nokonlunde kva eg er på utkikk etter og kva eg må ha for å balansere/passe til mine. Det er eg ganske så sikker på eg vil finne. 

Dei eg skal kjøpe frå er langt flinkare enn meg å plukke ut gode fuglar. Eg har tenkt så mange gongar, kor flinke dei er folk i miljøet til å hjelpe meg med det eg treng hjelp til og er på utkikk etter. 

Litt analyse greier eg, men eg går mykje meir for når eg får som eit "støyt" i magen akkurat i det øyeblikket seg ser fuglen. Det er ein merkelig følelse eg ikkje kan forklare. Det kan sitte både 50 og 100 fuglar der og eg sveipar blikket over alle i full fart, og så stoppar blikket, eller går full fart tilbake på ein fugl og det i magen slår til. Då veit eg det er fuglen for meg. 

Brukar eg god tid og studerar fugl for fugl, får eg ikkje denne følelsen og eg blir veldig usikker. 

Fuglane hentar eg når eg reiser på utstillinga. Som i juni i fjor, kjem eg til å legge inn reisa som ein liten ferie og blir nokre ekstra dagar i området og legg inn familebesøk. Eg håper veldig på at dei som driv med oppdrett i Austfold har tid å ta i mot besøk. Eg veit kor oppteken dei er å arrangere utstillinga. Det får vi berre ta etterkvart. Kul