12. mar, 2017

Søndag 12 mars

No er det nesten litt rart å gå inn i hekkerommet og det er så god plass! Eit par hekkebur til kan plukkast vekk om eit par veker, -omtrent. 

Ungen til Moira og Whisky, fødd på Valentinsdagen veks og er knappe 4 veker. Eg er usikker på kjønnet, men eg trur kanskje det er ein gut. Samtidig synes eg den er litt smal i nebbet, noko eg ofte har sett jenter er.  Namnet Valentino eller Valentina, får berre stå åpent enn så lenge. Smiler

Ungen er i allefall ein eg er spent på utviklinga framover. Det er ser til no, likar eg. Den blir nok ikkje klar til å bli med til utstillinga i Sarpsborg i juni. Aldersmessig vil eg tru den er midt i verste fellinga. Men, det er kjempevanskelig å berekne, så det kan hende den er ein av dei eg kjem til å trene litt med fram til juni? 

Blir den ikkje klar, så kjem der nye sjangsar. Det blir arrangert Landsutstilling kvart år ut i oktober. Der arrangerar også Norsk Undulatklubb sitt NM og det er noko ein lyt få med seg. Liker