27. feb, 2017

Vårvask 27 februar

Like fort som vinteren kom på besøk eit par tre dagar, kom våren igjen. Liker Med dagen disponibel og sola dukka opp, blei fuglane "jaga" ut. Med unntak av eit par tre fuglar, så forstår dei at dei skal ut når eg sett opp døra, klappar litt i hendene og sei "UT", eller knipser i fingrane. For eit par tre veker sidan, brukte eg ein del minutt for å få dei ut, men no er det gjort på eit lite minutt. 

Dei som har bodd her ei stund kan dette og dei leder an dei som er litt forvirra og ikkje skjønar kva eg vil. 

Fuglar lærer fort og det er ingen panikkflyging i det heile når eg enten klappar litt i hendene eller knipsar, kombinert med at døra er åpen. Dei kursar bestemt mot døra i full kontroll. 

Vinteren har vore noko ruskete og våt og i dag kom høgtrykkspylaren fram og våren er då "offisielt åpna" for meg. Smiler stort

Ikkje det at det er så innmari gøy å gjer reint, men så er det så kjekt likevel å få vekk rusk og rask og ikkje minst grønske. 

No er det berre å gle seg på tida vi går i møte. Vinteren kjem nok på snarvisitt fleire gongar framver våren, men det er berre slik det er.