24. feb, 2017

Fredag 24 februar.

Vinteren har kome på snarvisitt, slik som er vanlig på denne tida av året. Dette lesser ikkje ein del av fuglane, og det er stort sett dei samme som er ute kvar dag. 

Om vinteren forar eg fuglane ekstra i og med luka står åpen og dei er mykje ute. 

Eg oppdaga her ein dag at nokon av dei har nok ete sin del og vel så det og ikkje vore så flinke å ver ute. No får dei gå over til magrare kost. Eggefor iblanda urter, grønnsaker osv, skal dei få max ein gong i veka framover. Tran vil eg gi dei fortsatt eit par gongar i veka utover våren. 

Runda på hekkrommet er fort gjort no og det er ikkje så mange vannautomatar, frøkoppar og grønnsakkoppar å vaske i eningen. 

Der er fortsatt ungar nokre i kassene, men alle ungane som har vore på stua er komen ut i volieret. Dei siste i dag. Greit å få litt pause frå ungar i stua også eit par veker. Liker