14. feb, 2017

Valentinsdag 14 febr

Endelig etter langt og lenge klekte det siste egget til Moira og Whisky. Når eg omsider fekk sjekka dei tre egga ho hadde igjen, som eg visste det var liv i, hadde det eine egget stoppa opp ganske tidleg. Det nest siste egget var det hol i. Eg veit ikkje om det kan ha vore eit uhell med at ein av dei har trakka på egget eller kva som har skjedd. Det såg i allefall ikkje ut som dei hadde hakka i det. 

Då var det kun det siste egget som var igjen og i dag tidleg låg det ein bitteliten krabat. Den hadde allereie fått mat, så no lar eg dei berre ver i fred. Ungen er isabell i og med begge foreldra er det. Men, isabell er også ein mutasjon vi kan sjå allereie ved klekking. Det ser vi på augene deira. Dei er ikkje svarte og dei er ikkje raude,men ein mellomting. 

Får berre håpe at ungen veks opp og alt er i orden med den. Er det ein gut, er namnet Valentin sjølvskriven. Smiler stort Er det ei jente, tja, då veit eg ikkje. 

Fleire av dei siste ungane som er komen i volieret har eg ikkje finne namn på. Jaja, enten kjem eg på noko etterkvart, eller så får dei ver utan namn. 

Det merkast at eg ikkje har mange para i hekk no på tampen av sesongen. Det er kjennes veldig ok ut. No ser eg fram til at hekkerommet blir tomt og eg kan få teke ut hekkebura/reol å få gjort dei rein/desinfisere og sette dei vekk. 

Denne sesongen har utstillingsfuglane vore dei som er blitt prioritert i hekk. Sjølv om den ikkje er heilt avslutta, har det for meg vore eit godt år. Eg har ikkje teld over dei eg har bestemt meg for å behalde, men det er i allefall langt fleire i år enn det eg hadde i forrige sesong. 

Då var klekkinga rett og slett elendig. I år har eg sett opp varmen, og vore så påpasselig eg har greidd med å holde temperaturen stabil. Om det er grunnen til klekkinga har vore ganske så god i år, veit eg ikkje, men eg har lest at det kan påverke ein god del.