4. feb, 2017

Utedag.

Eg temmer ikkje fuglane mine, men eg har likevel alltid hatt ein roleg flokk som er lite redde av seg. 

På ein nydelig dag, blei dei aller fleste jaga ut. Det å kunne ta med seg kameraet igjen og ver inne i volieret hos dei, det er for meg ein virkelig flott måte å ha kontakt med fuglane på. 

Dei lærer seg å bli kjend med både kameraet og meg. Som alltid med mange nye, så er dei veldig skeptisk til kameraet og snur gjerne ryggen til eller stikk av. Men, når det går ei stund utover våren, har dei aller fleste lært seg å bli trygge og mange blir faktisk ganske nyskjerrige og søker kontakt med meg. 

I dag fekk eg ein ny "beste-kompis". Attila ( bildet) er ein av dei som har vore ute snart kvar dag gjennom heile vinteren og han er blitt teken bilder av ein del gongar. 

I dag flaug han ikkje vekk eller snudde ryggen til meg. Han blei sittande heilt rolig å berre kikke på meg. Når eg støtta kameraet på tauet han satt på, flytta han seg ikkje, men kom til meg. Til slutt blei han sittande å smånippe meg i håret, på brillene og i ansiktet. Når eg prata med han, kikka han på meg og skakka på hovudet for så å nippe litt borti meg. 

Det brukar alltid å bli ein slik unge eller to i løpet av ein sesong og det er like flott opplevelse kvar gong. Dei er slik med på å prege dei andre og utover våren no, vil mange andre følge etter han ( og dei andre frå tidlegare sesongar). 

Eg har ikkje noko behov for tamme fuglar, men eg sett utruleg pris på å ha desse uredde fuglane som tek kontakt sjølve. 

Det er både kjekt og spennande med hekking, men fuglane hekker ikkje heile året. Dette å kunne ver i volieret hos dei med kameraet, gjerne ein kaffikopp og berre sitte der, det gir meg like mykje glede, på ein anna måte.