3. feb, 2017

3 februar.

11 plussgrader og vindstille, det er berre så skjønt! Meldingane framover er veldig fine og det er meldt sol. Det betyr at eg kan ha ut alle i boligen, i allefall midt på dag. 

Nokon av ungane har ikkje vore så mange dagane i boligen. Då er eg alltid litt forsiktig med å la dei ver for lenge ute. Nokon av dei finn vegen inn gjennom slusa sjølv, men ikkje alle. Då vil eg helst ver heime å kunne sjå etter at nokon ikkje blir sittande ute frå tidlig morgen og til eg stenger luka rundt17.30. Då er her ganske skymt. 

Undulatar har veldig dårlig nattesyn og det skjer at nokon blir for sein med å kome seg inn. Då blir dei sittande still på greina, tauet eller nettingen og finn ikkje vegen inn igjen. 

Eg går alltid ei runde med lommelykta og lyser, og plukkar inn dei som ikkje har kome seg inn. 

Dei tåler veldig godt å ver ute om natta. Dei frys ikkje i hjel på nokon måte. Men, eg synes det er betre dei er inne om natta. Og då gjer eg det slik. 

 

Eg trudde egentlig eg var ferdig med bygginga mht fugleboligen. Det er ein ting eg har sakna veldig. Det er å ha eit fleirbruksrom. Der vil eg at den eine delen skal ver eit voliere. Det treng ikkje å ver all verden stort. Det er koselig å ha ungar inne, men til tider blir det mange. Av dei eg skal behalde, hadde det vore veldig kjekt å hatt eit lite voliere dei kunne ver i nokre veker før dei kom over i boligdelen. Eg manglar også lagringsplass av kasser, bur og forsekkar. 

Og, eg manglar ein karanteneplass for fuglar. Å ta inn fuglar like før hekking eller under hekking er ikkje lurt. Men, av og til blir det slik og det kan ver risikosport. Det har eg brent meg salig på før. Når her finnes ein "snekkar" i huset som likar å bygge og gjerne kjem med forslag før eg sei noko, så takkar eg ikkje nei til det. Smiler stort

Eg må snart rekne på når eg kan vente klekking av det første egget til Moira og Whisky. 

Som regel tek det ca 18 dagar frå det er lagt til det klekker. I og med det var egg nr 3, så har ho lagt standby å ruga. Andre hoer tek seg gjerne ut ein liten luftetur. I allefall når eg har med selleri til dei og dei luktar det. Men Moira ser eg ikkje snurten av. Eg kikkar til henne i kassa for å sjå at ho lever, og jauda, det gir ho tydelig beskjed om at ho gjer. Då trekker eg også meg stille og forsiktig tilbake. Eg vil ikkje ho skal henge seg fast i fingrane mine. Smiler stort  Tøffe dama! Hjerte