31. jan, 2017

31 januar

Kalenderen sei januar, nesten februar, men når snøklokkene blomstrar, tulipanar og påskeliljer er komen godt opp frå jorda, kjennes det meir ut som vår. 

No kjenner eg kor lei eg er av hekkinga og har lyst å gjer andre ting framover. 

I går kom ei hoe ut av hekk og i dag kom også ei anna hoe ut. Fedrane får ta seg av ungane den siste tida før ungane er stor nok å greie seg sjølv. Eg vil ikkje at hoene skal sette i gong å legge egg igjen. Både Silke og Mina har vore så flinke i hekk og no skal dei få kvile seg og ha ungefri til ut på hausten/vinteren igjen. 

Moira har tre egg i kassa som eg ser der er noko i. Eg kan ikkje huske at det blei sagt at ho har vore i hekk før då eg kjøpte henne, så eg veit ikkje korleis ho er mht ungane, dersom egga klekker. Eg har ikkje noko back-up par som skal ha klekking av ungar sånn ca. når Moira har det, så her er det eit av to. Enten går det fint eller så går det ikkje. 

Nokon av fuglane eg har er overhode ingen ungdomar lengre og har oppnådd ein høg alder til å bo i voliere. No ser eg at dei er ganske pjuske. Dvs, eg har sett det ei stund, men så er det den kvia med å ta bestemmelsen at no har vi kome til vegs ende. Men, no kan eg ikkje drøye det lengre. Eg ser at dei ikkje har det så greit, så då er det ikkje noko å utsette lengre. 

Det er ikkje alt som berre er fryd og gammen når ein held på med levande dyr og nokon bestemmelsar er tøffe, men dei må til.