27. jan, 2017

27 januar.

Det er så herlig ver ute og det merkast at dagslyset er lengre. Det er på tide etter ein tung, våt, mørk og vindfull vinter. 

Luka står åpen og fleire og fleire fuglar tek turen ut. I går blei heile gjengen jaga ut ei lita stund. Ei lita stund fordi der var nokon ungar som berre har vore ute i boligen få dagar, og då er eg litt forsiktig, sjølv om det var 13 grader ute på det varmaste. 

Det er så løye å sjå når eg åpnar døra på vidt gap, knipsar eller klappar litt i hendene og sei "UT". Mine "gamle" fuglar, forstår det omgåande og flyg ut. 

Som vanlig forstår ikkje ungane av sesongen det, i og med det ikkje er ofte eg tvingar dei ut i løpet av vinteren. Nye fuglar forstår det heller ikkje. Men, det bruker jammen ikkje å gå så lange tida før dei skjønar kva eg vil, og finn vegen ut med ein gong. 

På seinvåren/sommaren, brukar det skjelden å gå meir enn eit halvt minutt før alle er ute. No berre virrar dei nye rundt og fattar ikkje bæra om kva eg vil. Smiler stort

I går var det på med skinnhanskar. Eg kunne ikkje vente med å få lyst egga til Moira og Whisky igjen. Av dei egga 4 egga som er i kassa, ser eg der er noko i egg nr 3! Juhuu!! 

Sjølv om eg ikkje likar i det heile at fuglar bit, så har eg berre fått slik opp augene for Moira. 

Så anonym i så lang tid. Ikkje greidd å få kontakt med henne. Ho har aldri blitt varta opp av nokon hanne. Ala veggpryd. Så er ho ei heilt heilt anna jente no. Då er det på ein måte slik at eg tenker, ja så flott at der er guts i deg! Skinnhanske har eg, så det går så fint så. OG, du passar godt på egga dine. 

Alle egga til Jubella og Toppen er tomme. Litt leit egentlig, sjølv om eg egentlig var klar over det. Toppen har vore adoptivfar mange gongar og han er så flink! Jubella er faktisk favorittjenta mi i volieret. Forutan å ver berre så fin, har ho eit lynne som berre er fantastisk. Ho er alltid den som møter nykomingar først, på ein god måte. Ho er naturlig-tam-fugl. Eg legg ikkje menneskelige følelsar i ein fugl. Men, for å beskrive, så brukar ein ord som vi gjer hos menneske. Då er ho omsorgsfull, snill, mild, nyskjerrig og rett og slett berre eit nydelig vesen. 

Eg vil ikkje gjer noko forsøk på ny runde med henne og Toppen no. Toppen blir pensjonert. Det kan skje at undulatar er monogame. Men, det er slettes ikkje uvanlig at dei etter ei stund skifter partner. Eg får berre sjå kor det ligg an til hausten og om dei fortsatt held i lag, eller om ho får ein anna beilar? 

Det har også vore sorg i heimen nokre dagar. Dattra mi har hatt ei nydelig jente, Montana. Montana var den tammaste fuglen eg nokonsinne har sett og ei som var veldig tydelig på kva ho ville og virkelig nyskjerrig på alt. Brått ei natt døde ho. Utan forvarsel. Eg har ingen anelse om kvifor. Ho var ikkje meir enn 1,5år gammal og har vore i kjempeform. Så kva skjedde? 

No har eg nokre ungar som eg har tenkt å behalde og dattra mi har sett seg ut to stykker som ho no vurderar. Den eine er ein nt grå og den andre er ein lysvinge kobolt gut. Ingen kan erstatte Montana, men eg får håpe ho kan finne seg ein ho kjenner kjemi med, utan eg legg meg for mykje borti det. Begge gutane er etter mitt skjønn nokon som egnar seg godt som tamfuglar. Kanskje held eg ein liten knapp på den nt grå guten?