24. jan, 2017

24 jan

Ungar har flytta frå stua og ut i boligen i dag og andre ungar er komen inn frå hekkebura og på stua. 

Her er det om å gjer å holde tunga beint i munnen, slik rett unge havnar på rett plass, når dei skal. Smiler stort

Dei nye hekkekassene er ferdig og eg fekk bytta ut 2 i dag, der para skal få runde nr 2. Den eine hoa gjekk inn omgåande, medan det andre paret sitt å kikkar mistenksomt på den nye kassa. 

Moira har lagt 4 egg. Eg lyste i dag, men den tøtta skal ikkje ha noko av at eg kikkar i kassa. 

Eg er ikkje van til at fuglane bit meg, sjølv når dei er i hekk. Men ho kleppa seg godt fast i fingeren min. Av det lille eg greidde å sjå, ser eg ikkje noko antydning til det er noko i det andre egget i allefall. ( egg nr 1 forsvann). 

Får sjå til helga om eg tek ein ny kikk då, men då er det på med hanskar! Jammen kan dei bite hardt!

Alle ungane i kullet til Ali og Amadeus er reserverte. To er komen inn og nr 3 er på veg inn. 

Kun tre ungar er ledige no. To grå hannar. Den eine med gul maske og den andre utan. Begge er store kraftige gutar med mykje engelsk iblanda. 

Så er det ei fin gulmaske grå jente som kanskje er ledig. Hoa og hannen med gulmaske er etter Silke og Balder, men ingen av dei er komen inn endå. 

Den tredje ungen etter Silke og Balder, ein gulmaske DEC-svartaugd er også vekklova.