20. jan, 2017

20 jan

Toppen og Jubella har lagt 7 egg. Dei 5 første er i allefall tomme. Sjølv om eg hadde ein følelse/mistanke av at det ville bli slik, blir ein også bittelitt skuffa? 

Det første egget til Moira var borte vekk etter eit par dagar. Eg fann det ikkje i burbotnen heller. Ho har lagt egg nr 2 og det ligg der endå i allefall. Eg vil tru det vil kome eit egg til i morgo og kanskje ho også vil legge 4 egg etterkvart? Eg er innstilt på at det blir tomme egg der også, sjølv om eg har lyst å håpe på der kan kome ein unge eller to. 

I morgo er det å reise å hente frø. Det blir til at ein prøvar ulike sortar, men den eg har hatt sidan i haust blir det veldig mykje svinn av, så no skal eg tilbake på den type frø eg har brukt før. 

Det går fort ein sekk på 25 kg pr mnd og når dei rotar utover nesten halvparten av frøa, sei det seg sjølv at det er forferdelig dyrt og går ikkje an i det heile. 

Ei venninne tek med seg sorten frøsekkar eg har brukt før frå Sotra og så møter eg henne på Søre-Sunnmøre. Det blir veldig kjekt å møte henne igjen. Liker

Eg har også gått tom for hirsekolber. Ei anna venninne hadde mykje av det, så eg fekk kjøpt 4 kg i går. Når det er ungar på gong, går det mykje hirsekolber. Det er noko av det første dei lærer seg å nippe frø av. Det er lite næring i det, men som snop å rekne, men i lære-å-ete-fasa er det veldig veldig ok å ha raust av. 

I løpet av ein mnd eller to, må det nok bestillast ei kasse på 15 kg av det også. Då har eg i allefall for 6-7-8 mnd. 

Noko særlig snekkertalent har eg ikkje, men eg er så heldig at det er nokon i huset som synes det er kjekt å lage ting/snekre. Mange nye hekke-kasser er snart ferdige. Eg har ikkje så veldig mykje bruk for dei framover våren, men no får eg brenne opp dei gamle "butikk-kassene", som eg ikkje likar i det heile. 

Eg har ikkje så mange av dei igjen, men nokre. Dei er så lav frå botnen og opp til åpninga og ungane ramlar ut av dei før dei er 4 veker gammal og dei må puttast inn igjen til stadigheit. Det er rett og slett ikkje godt nok. 

For nokre år sidan "arva" eg nokre kasser frå ein i NUK og dei likar eg veldig godt. Det er gjort kun nokre små justeringar ut frå dei. Fleire oppdrettarar har fått bilder og mål på dei og tilbakemeldingane frå dei er også veldig gode.