15. jan, 2017

Moira og Whisky

Det er nokre dagar sidan eg har sett Moira. Ho har halde til i kassa og eg har ikkje hatt lyst til å uroe henne. 

I dag tok eg meg den friheita med å åpne kassa og kikke etter henne. Og jøss, der låg det eit egg! Liker Etter så lang tid og så mange forsøk og så skjer det endelig! Dette hadde eg ikkje trudd. No er det berre å vente å sjå kor mange egg ho legg og om der er noko i egga. Whisky er mykje i kassa i lag med henne og dei går veldig godt over ens. Likevel tek eg det ikkje for gitt at det blir nokon ungar. Dette er berre så spennande og kjekt!!

 

Eg lyste også egga hos Toppen og Jubella. Der er det 4 egg og ingen antydning til at det er noko i dei. No skal det få gå nokre dagar til før eg sjekkar igjen, berre for å ver sikker, men det ligg an til at dette er siste forsøket Toppen får og han får bli pensjonist. 

Litt synd. Det hadde vore så kjekt å kunne få fram toppa ungar, menmen, det ser ikkje slik ut denne gongen.