14. jan, 2017

14 januar.

Beklager 123 hjemmeside. I dag har det vore billedtaking av ungane i ulike kasser. Når eg legg inn bilder her, får eg beskjed om å oppgradere og kjøpe meir sideplass. Då legg eg heller inn dei fleste bilda på FB sida mi under annes-undulatoppdrett. 

Med å slette nokre hekketrådar frå i haust, fekk eg i allefall lagt inn ein tråd for Silke og Balder + Ali og Amadeus. Eg får heller berre slette bilder i andre trådar, slik eg får plass. 

Nokon ungar er komen inn  stua. Nokon er så vidt komen ut av hekkekassa og kjem inn om nokre dagar. Nokon har ei stund til før dei kjem i mål. 

Av ungane etter utstillingsfuglane, er det eit par tre stykker eg held eit ekstra auge til og noterar i boka mi kva eg tenker. Så får eg sjå når det går nokre mnd om det blir slik eg trur og tenker no, eller kva det blir. 

Det er endå lenge til utstillinga i juni, men den ligg i bakhovudet. 

Eg har ingenting å stille opp med i forhold til dei erfarne. Likevel så synes eg at der er nokre få som eg har håp og tru på. Om dommaren er enig med meg, er ei heilt anna sak.Lov å ver subjektiv vel? Smiler stort