9. jan, 2017

9 januar

Med streif av fint ver i dag og påskeliljer som har kome nokre cm opp av jorda, vi kan merke at dagslyset er litt lengre, så fekk eg nesten ein følelse av vår. Det er jammen godt at vi går mot lysare tider igjen! 

Eg kjenner no at det er heilt greit at ikkje fleire par blir sett i hekk denne sesogen. No har hekkinga vart sidan i sommar. Sjølv kor kjekt det er, så er det innmari med arbeid.

To par har akkurat kome i hekk. Tre par skal snart ut av hekk, og så får eg vurdere om der er nokon som skal få runde nr 2. Om nokon av dei som nyleg er sett i hekk får to runder, så vil det ta ca 4 mnd. Så hekkinga er nok ikkje over før i april/mai.

Det eine paret som nyleg er sett i hekk, trur eg ikkje eg kan vente så mykje av. Hoa er ung, men det er ein eldre hanne. Dei fann kvarandre sjølv og mutasjonsmessig, er eg veldig enig i den koblinga. Men, eg har prøvd denne hannen før med ei anna hoe. Både denne sesongen og i forrige sesong. Det blei kun blanke egg. Eg vil tru fertiliteten går gradvis ned, også på hannane. Toppen nærmar seg 7 år, så han får sin siste sjangse. Blir det blank runde no igjen, då får han bli pensjonist. Kul 

Med vårfølelsen kom tanken, tenk berre det å kunne få ut alle fuglane, kunne sette dørene på vidt gap og få gjennomlufta skikkelig! Når eg står midt opp i skikkelig nedvask, desinfisering og oppussing, er det slettes ikkje kjekt. Men, likevel, det har blitt ein vårtradisjon og akkurat no ser eg fram til det. Ha ha