7. jan, 2017

7 januar

Eg veit ikkje om det går an å sei at ein fugl kan blomstre opp? Har alltid synes at Moira er ei slik fin jente. Likevel har ho ikkje gjort seg bemerka. Eg har opplevd henne som stille og beskjeden og ho har holde seg i bakgrunnen. Eg har aldri sett ein hanne har prøvd å "sjekke" henne opp. 

No er ho fleire turar i kassa for dag. Whisky mater henne og dei sitt tett i lag og nuskar på kvarandre. Mulig det er innbilning, men det er akkurat som ho har retta seg opp i ryggen, blitt meir glansfull. Det kan ver eg som "romantiserar" det, men ho er så annaleis. Fin har ho alltid vore, men no kan eg stå å kikke på henne og tenke at gu, er du sååå flott?!!

Eg har ikkje noko forventnigar om det etterkvart skal kome ungar. ( men først må ho legge egg) Tomme egg i ei kasse er ikkje heilt uvanlig og eg har hatt nokre tomme egg i denne sesongen. Berre det at ho omsider har kome i gong er så kjekt!