5. jan, 2017

Norsk Undulatklubb

Visste du at Norge har ein spesialklubb for undulatar? Klubben er for alle som er interessert i undulat, enten du har ein i eit bur på stua, eller om du har ein heil flokk. 

Hos NUK kan ein bestille ringar, dersom ein har eit lite oppdrett. 

Det kan ligge an til at det blir lovpålagt å ringmerke ulike tropefuglar her i Norge som ein kjøper/sel. 

Utgangspunktet oppfattar eg det slik, at ein vil ha vekk smuglinga av fugl frå utlandet, spesielt dei trua artane. 

No er ikkje undulat ein trua art, men det skadar i allefall ikkje å ligge i forkant. 

Melder du deg inn i klubben, vil du også få tilsendt Tropefuglbladet 4 gongar pr. år, med ulike artiklar som omhandlar fuglar. 

Føl du linken (kopier og lim inn) , kjem du rett på skjema for innmelding. Liker

http://www.norsk-undulatklubb.no/index.php/contact/bli-medl